hoppid.no

Hoppid.no er det første naturlege kontaktpunktet dersom du ynskjer å etablere bedrift. Hoppid.no-rådgjevarane ved Fjordhagen hjelper gründarar i Norddal og Stordal kommunar med:

  • —Avklaring av kva du treng av rådgjeving, kompetanse, finansiering m.m.
  • —Rettleiing i utarbeiding av forretningsplan, forretningsmodell og søknadar
  • —å sette deg i kontakt med relevante aktørar i vårt nettverk som kunnskapsparkar, Innovasjon Norge, bedriftsrådgjevingsmiljø, finansinstitusjonar/lokale bankar og etablert lokalt næringsliv
  • —løpande rådgjeving undervegs i etableringsløpet (fram til bedrifta er 5 år)
  • kurs innan etablereropplæring
  • inntil 30.000 kr i hoppid.no avklaringsmidlar

I tillegg er hoppid.no-kontoret pådrivar for entreprenørskap i skulen (td. Gründercamp), vi følgjer opp lokale utviklingsprosessar (td. Bygdemobilisering) og skaper lokale møteplassar mellom etablerarar og næringsliv.

Rådgjevinga er gratis!

Har du ein idè du ynskjer å lufte for oss - ta kontakt. Vi har teieplikt!

Last ned nyttig reknerark mal for salgsbudsjett, driftsbudsjett, produkt/markedsmatrise mm. her.

 

Publisert med Visto CMS