Næringsforum

Fjordhagen næringsforum skal vere eit diskusjonsforum for næringslivet med eit profesjonelt sekretariat slik at ein får framdrift i næringsutviklingsarbeidet, frontar felles saker og tek initiativ til nye felles utviklingsprosjekt både innanfor og på tvers av bransjar. Næringsforumet har ein viktig funksjon for å finne minimumsfaktorar for kvar skoen trykkjer og få fram desse samla slik at ikkje alle spring kvar sine ærend. Dette lettar også plan- og utviklingsarbeidet i kommunen og syter for betre forankring av næringslivsinteresser i kommunale planar. Ikkje minst er næringsforumet ein sosial og uformell arena for næringsdrivande der ein lærer om kvarandre og knyter kontakter. Alle typar bedrifter innanfor alle bransjar kan vere medlemer.

Næringsforumet er organisert som eit prosjekt i regi av Fjordhagen AS som fungerer som sekretariat. Dette fordi medlemsbedriftene ynskjer at næringsforumet er vere enklast mogleg organisert og minst mogleg byråkratisk – folk har ikkje tid til å ta på seg fleire styreverv. Fjordhagen AS planlegg næringsforumsaktivitetar ut frå innspel frå medlemsbedriftene, kallar inn til møter og skriv referat som vert sendt til alle bedriftene i forumet.

Medlemsbedriftene betalar eit prosjektbidrag på 2000 kr kvar per år som dekkjer timar sekretæriat i tillegg til at dei bidreg med eigeninnsats i form av timar og pengar på møta/kursa/aktivitetane dei deltek på. 

Ei felles sak som næringsforumsbedriftene har gått saman om er etablering av ein felles internettportal, i tråd med kommunen sin omdømmestrategi, www.livskraftportalen.no og facebooksida Livskraftportalen. Her får du informasjon om næringslivet, lokalsamfunna og spennande utviklingsprosjekt. Etter kvart vil du også kunne sjå nærare på fritidstilbod, turløyper og natur- og kulturattraksjonar m.m.

Medlemsbedriftene i næringsforumet er:

Petter Lingaas ENK
Duo Bygg AS
Muritunet AS
Omenås Hyttegrend AS
Valldal Høvleri AS
Sparebanken Møre
Nord-vest Revisjon AS
H.L.Muri AS
Jemtegård Feriesenter
Vika servisesenter AS
Valldal Grønt AS
Indreeide mekaniske verkstad AS
Valldal kailag AS
Eidsvatnet hyttegrend DA
Rempro AS
Gjerde entreprenørdrift AS
Norddal Rekneskapskontor AS
Stall Bjørstad
System-Electro Norddal AS
Alternativ terapi Eija Hoel ENK
Kulå bowling AS
Juvet Landskapshotell
Hovden bygg AS
Gjerde Camping
Stiftinga Kraft- og Skredsenter i Tafjord
Tiriltunga AS
Hjelme web ENK
Valldal camping
Lykkeriet AS
Fjellro turisthotell AS
Trollbinding AS
Valldal naturopplevingar ANS
Valldal aktivitetspark AS
Høihjelle bilservice ENK
MeretesZenGarden 
Berit´s gategrill
Publisert med Visto CMS