Integreringskonferansen 27.09.2016

Saman med Frivilligsentralane i dei tre kommunane, flyktningkoordinator i Norddal kommune, fagleiar for innvandring og flyktningtenesta i Stranda og arbeidsinnvandrar og tilsett ved servicetorget i Stordal planla vi og gjennomførte Integreringskonferansen 2016 på Storfjord kulturhus på Stranda 27.september. Konferansen vart støtta av Sparebanken Møre, samt Stabburet som sponsa pizza til lunsj.

Konferansen samla 75 deltakarar frå bedrifter, kommuneleiing (både administrativt og politisk), kommunale einingar (helse, skule, næring, eigedom), frivillege lag og organisasjonar, lokalaviser, NAV, flyktningemottak, PPT og Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

Konferansen starta med kulturinnslag frå liauisk folkedansgruppe frå Stranda, og ordførarane kom med velkomsthelsing. Terri Senior frå Norges Røde kors snakka om «Korleis engasjere seg» og Terese J. Moen steppa inn for Jill Haugland Reiten frå Folkeuniversitetet og sa litt om mulegheiter for yrkesretta norskkurs i bedrifter og finansiering frå VOX. Sissel Habostad frå Norsk Sjømat hadde med seg tre av sine tilsette og snakka om erfaringar ved yrkesretta norskkurs. Eivind Ryste frå Møre og Romsdal fylkeskommune snakka om innvandrarar som ressurs for lokal samfunnsutvikling, og biblitoteksjef i Stordal kommune, Bjørg Moltu, snakka om kva ressursar biblioteka kan bidra med i integreringa av innvandrarar. Safia Abdi Haase frå Stiftelsen Amathea snakka om korleis ho som innvandrar knekte kodane i møte med det norske samfunnet. Tordis Sivertsen fortalde om erfaringar frå korleis ein lukkast med integreringsarbeid i Vestnes kommune. Til slutt kom Hanne Hægh Ryste frå NHO Møre og Romsdal og fortalde om erfaringar frå Global Future-programmet. Konferansier og arbeidsinnvandrar Martin Vos leidde oss trygt og godt gjennom arrangementet og kom med innvandrarskråblikk mellom innlegga.

Her er innleiarpresentasjonane:

Terri Senior - Røde kors 27.09.2016

Eivind Ryste - Innvandrarar som ressurs i samfunnsutviklinga

Bjørg Moltu - Stordal folkebibliotek

Tordis Sivertsen - Vestnes kommune

Global Future – presentasjon Integreringskonferansen 2016 Stranda 270916

 

Publisert med Visto CMS