Kurs i pakking - med hovudvekt på cruise 6-7. april

Arbeider bedrifta di med cruise, eller har du produkt som kan utviklast og pakketerar for å tilby dei til dei som vitjar området vårt som cruisegjestar? Innovasjon Norge tilbyr kurs der du får gode tips og kunnskap om korleis bedrifta di kan setje saman gode pakkar, for å effektivt  å trekkje til seg og tene meir pengar på cruisegjestar. Kurset er ein del av Innovasjon Norge sitt kompetanseprogram for reiselivsnæringa.

 

Tal cruisegjestar til Noreg aukar og marknaden treng fleire pakkar for sal til denne kundegruppa. Dette stiller krav til tilbydarane av reiselivsprodukt på land både når det gjeld kvalitet på produktet og organisering (produktpakking, transport og informasjon). Ein cruisegjest vitjar din lokale stad eit svært avgrensa tidsrom - og ein må difor tenkje annleis rundt pakking til cruiseturistar enn til tradisjonelle gjestegrupper. Det er heller ikkje uvanleg at det skjer endringar i anløps- og avgangstid, noko som krev at pakkane kan tilpassast.

 

Innovasjon Norge meiner det ligg eit unytta potensial på dei ulike destinasjonane og dei ønskjer å få fleire av dei lokale aktørane på banen for å auke den lokale verdiskapinga. Dette vil på sikt vere viktig for både sysselsetjing og for destinasjonsutvikling. På kurset går dei igjennom korleis pakkar kan produserast og oppbygging av kalkylar. Føremålet er å lage nye produktpakkar for sal! 
 

Gjennomføring

Destinasjon Geirangerfjord –Trollstigen og i samarbeid med Innovasjon Norge Møre og Romsdal vil vere arrangør, og kursleiarar er Børre Berglund, Reiselivsrådgivning AS og Tor Johan Pedersen, seniorrådgjevar cruise i Innovasjon Norge. Berglund vil leie den delen av kurset som omhandlar pakkinga, medan Pedersen vil dele av sin kunnskap om cruisebransjen og -gjestane. Kurset vert gjennomført i to samlingar. Den første er frå lunsj til lunsj, den andre varer ein dag.

Kven passar kurset for?

For bedrifter som arbeider med cruise eller som har produkt som kan utviklast/pakkast som tilbod til cruiseturistar.

Rådgjeving

Bedriftene kan få individuell konsulenthjelp/rådgjeving både mellom samlingane, og i ettertid. Dette vert avtalt etter behov på samlinga.

Pris
Kr 1000,- i deltakaravgift. I tillegg kjem overnatting på Stranda Hotel kr 845,- pr. døgn, for dei som treng det.

Kursdato

6.-7.april + 1 dag til i april som blir bestemt på kurset.

Påmeldingsfrist

14. mars, 2016.

 

Påmelding

http://goo.gl/forms/YMEEg7ueER

 

klikk her for generell omtale av kurset

Publisert med Visto CMS