Testing av muleg trase for terrengsykling

Fjordhagen AS har gjennom sykkelnettverksprosjektet som hoppid.no-kontora i Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven samarbeider om, fått forespurnad frå firmaet Nordic Escape om det kan gjennomførast eit terrengsykkelritt i Valldal/Fjørå i 2018. I førebuingane til dette ynskjer Nordic Escape å gjennomføre testsykling av muleg løypetrase våren/sommaren 2017.

Testsykling av tenkt trase vil avdekkje sårbare punkt på løypa som må tilretteleggast og andre utfordringar som kan kome i høve rittet. Det aktuelle rittet er eit terrengsykkelritt – det vil seie at løypa bør gå så mykje som mogleg i terreng, og minst muleg på asfalt. Med terreng meiner ein etablerte turvegar/turstiar, skogsvegar, gamle ferdslevegar etc.

Fjordhagen har sett på ei førebels rute som kan vere eigna. Denne går frå Valldal sentrum, framover Valldalen på «Valldalssida» fram til Hoel og ned att på «Døvingssida», inn til Fjørå, opp til Hauge/Nysetra via Ruggå og Ytterlinakkane til Ruset og ned att i Vika og gjennom tunnellen att til mål i Valldal sentrum. Sjå tenkt løypeforslag her.

For å få ein ryddig og god prosess på dette ynskjer Fjordhagen så snart som råd å kome i kontakt med grunneigarar langsmed traseen, og er open for forslag til andre rutealternativ om nokon som kjenner til områda har det.

Publisert med Visto CMS