hoppid.no rådgjevar

Ingunn er fødd i Ålesund i 1973, og oppvaksen på Linge i Valdal. Ho vart tilsett i Fjordhagen i januar 2007, og jobbar i dag som hoppid.no rådgjevar for Norddal og Stordal kommune. Hovudarbeidsoppgåvene hennar omfattar mellom anna rådgiving overfor nyetablerte bedrifter (0-5 år) og teknisk arrangering av kurs lokalt i hoppid.no regi. I tillegg arbeider ho med ungt entreprenørskap, og samarbeider med skulane om arrangering av t.d. gründercamp i ungdomsskulen.

Ingunn har bachelorutdanning i reiselivsledelse ved BI Trondheim, uteksaminert vår 2006. I tillegg har ho faglærarutdanning i musikk frå høgskulen i Telemark, med fordjuping i folkemusikk ved Raulandsakademiet. I 2007 gjennomførte ho sertifiseringskurs for Etablerarrettleiing via Høgskulen i Ålesund, og vart sertifisert hoppid.no rådgjevar. 

Forutan arbeidet i Fjordhagen er Ingunn svært interessert i musikk, og har fele som hovudinstrument. Ho har sidan 1996 turnert med duoen Ferdafolk saman med Knut Ivar Bøe på trekkspel. Dei har reist i inn-og utland med folkemusikk, og har delteke på festivalar og arrangement både i Skandinavia, Hellas, Ungarn, Latvia, Frankrike og Dei britiske øyane. I tillegg har dei hatt kulturelle oppdrag både i offentleg og privat regi her heime, både ilag og kvar for seg. Ingunn har vore sjølvstendig næringsdrivande som frilansmusikar sidan 2000. 

Av tidlegare arbeidserfaring har Ingunn jobba som grunnskulelærar og kulturskulelærar i Norddal kommune, der ho vart tilsett første gong i 1995. Ho har også noko arbeidserfaring innan reiseliv. Ingunn er framleis tilsett i Norddal kulturskule i tillegg til stillinga her på Fjordhagen. 


 

 

 

 

Publisert med Visto CMS