STARTE ELLER VIDAREUTVIKLE BEDRIFT I STORDAL KOMMUNE?
Bedrifter og nyetableringar i Stordal kommune har rett på inntil 10 timar gratis rådgiving frå Fjordhagen AS. Dette er regulert gjennom ein samarbeidsavtale mellom Stordal kommune og Fjordhagen AS.
Vi ønskjer at alle som vurderer å starte eller vidareutvikle verksemd i Stordal skal ta kontakt med oss for ein nyttig samtale.
For deg som er i ein avklaringsfase, om du skal starte bedrift eller ikkje, er det oppretta ei enkel og ubyråkratisk kasse på kr. 150.000,- til potensielle gründerar i Stordal kommune. Les meir om denne ordninga her.
Vurderer du å søkje om midlar frå næringsfondet til Stordal kommune kan du lese retningslinjene/vedtektene til fondet her.
Kontakt: Fjordhagen AS Tlf. 70257200 Mob. 489 95 460 Epost: ide@fjordhagen.com
|