Fjordhagen AS
|    Norddal kommune   |    Stordal kommune   |    Ørskog kommune   |    Tafjord-fondet   |    Innovasjon Norge   |    Hoppid.no   |    Etablerartips   |    Nyttig på web   |     
Utskriftsvennleg versjon Tips ein ven Sidekart
Kontorlokaler
Fjordhagen-bygget har kontor med alle nødvendige fasilitetar. Her er fleire typar kontor – alt frå små og store kontorplassar i opne løysingar, til lukka kontorløysingar med rom av ulik storleik. Det er Norddal Eigedomsselskap KF som står for utleige. Ta kontakt med Arne Krohn, tlf. 91 52 75 31 for meir informasjon.
Les meir her
Aktuelt
10.06.2010 Nyopning Cafè Sol i Eidsdal
10.06.2010 Frå gamalt gartneri til sansehage
31.05.2010 Vi gratulerer ProfilX AS med etablering i Stordal
Nyheitsbrev
Meld deg på vårt nyheitsbrev her!
Namn
E-post

TAFJORD-FONDET
Etablering av nye arbeidsplassar og aktivitetar som tryggar busetnaden i Tafjord

Tafjord Kraftproduksjon AS har oppretta eit utviklingsfond som skal stimulere til etablering av nye arbeidsplassar og aktivitetar som kan trygge busetnaden i bygda Tafjord. Målsetninga er at fondet kan gjere sitt til at det blir attraktivt å bo i Tafjord også i framtida. Alle med gode idéar som kan gi utvikling i bygda kan søkje om midlar frå fondet.

Søkjar skal i samarbeid med Fjordhagen AS gå gjennom forretningsidéen før denne blir handsama av fondskomiteen.
Under dette samarbeidet kan søkjar også få viktig hjelp og rådgiving til etablering og utvikling av verksemda/prosjektet, alt dette med sterk fokus på konfidensialitet og tillit mellom partane. Fjordhagen skal gi fondskomiteen ei skriftleg vurdering som grunnlag for vidare handsaming av søknaden.

Meir om fondet og vedtekter finn du her...

Ta kontakt med Fjordhagen eller Tafjord Kraftproduskjon AS for meir informasjon:

Fjordhagen AS v/ Ingunn Linge Valdal, tlf. 70257200
Tafjord Kraftproduksjon AS v/ Stig Falling, tlf. 70 10 00 00 

 

 

Fjordhagen AS    |   Grandane   |   6210 Valldal
Telefon : 70 25 72 00   |    Telefaks : 70 25 72 01   |    E-post : post[krøllalfa]fjordhagen.com
Søk i våre nettsider :
Publisert med Visto CMS